VVS Bømlo er ei lokal, framoverlent og allsidig bedrift i sterk utvikling. Me jobbar breitt innan VVS og service, industri og marine, anlegg, betong, havbruk og skip – frå moderne bad og tekniske anlegg til VA-løysingar, røyrsystem, pumper, ventilar og skreddarsydde installasjonar for krevjande miljø.
Hos oss får du ein arbeidskvardag med variasjon, ansvar og høve til å læra noko nytt. Me kombinerer solid handverk med moderne utstyr, smarte løysingar og ny teknologi, og me er stolte av å levera kvalitet frå første plan til ferdig prosjekt. Vår erfaring og faglege innsikt har resultert i fleire nye produkt og konsept som er etterspurt.
Det skjer mykje i VVS Bømlo, og me treng fleire engasjerte folk med på laget. Dei konkrete stillingane me no søkjer folk til ser du nedanfor. Men me er heile tida på jakt etter medarbeidarar som har lyst til å jobba innan våre fagområde, så ta kontakt med oss om du vil ta ein prat! Her blir du del av eit sterkt fagmiljø, gode kollegaer og prosjekt som bidreg til utvikling i lokalsamfunnet og næringslivet rundt oss.

Grunna aukande oppdragsmengd søkjer vi medarbeidarar til følgjande stilling:
Maskinførar
Kompetansekrav
- Fagbrev eller tilsvarande kompetanse
- Maskinførarbevis
- Du er oppteken av helse, miljø og tryggleik (HMS)
- Du har minimum førarkort klasse B
- Du kommuniserer godt på norsk
- ADK-1-sertifikat er ønskjeleg, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
- Du er nøyaktig, punktleg og påliteleg
- Du arbeider effektivt og strukturert
- Du er ein lagspelar og ein positiv bidragsytar til fellesskapet
- Du er sosial og omgjengeleg
Me tilbyr
- Spanande utfordringar og moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Gode løns- og arbeidsvilkår
- Eit uformelt, engasjert og fagleg sterkt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
- Omfattande utstyrspakke og moderne maskinpark
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter avtale
Ved interesse, ta kontakt på e-post: jms@vvsbomlo.no
Røyrleggjarar
Me søkjer dyktige og serviceinnstilte røyrleggjarar med svennebrev til snarleg oppstart.
Hos VVS Bømlo får du varierte arbeidsoppgåver innan rehabilitering og nybygg i privatmarknaden, i eit selskap som set kvalitet, pålitelegheit og fagleg stoltheit høgt. Me ser etter deg som er framoverlent, løysingsorientert og trivst med å levera gode kundeopplevingar.
Kompetansekrav
- Svennebrev eller tilsvarande erfaring/kompetanse
- Fagleg stoltheit og nøyaktigheit
- Du har minimum førarkort klasse B
- Du kommuniserer godt på norsk
Personlege eigenskapar
- Du er positiv, påliteleg og strukturert
- Du har god arbeidsmoral og er løysingsorientert
Me tilbyr
- Gode løns- og arbeidsvilkår
- Godt samhald og eit inkluderande arbeidsmiljø
- Forsikrings- og pensjonsordningar
- Jobb i ei framtidsretta bedrift i vekst
Ved interesse, ta kontakt på e-post: terje@vvsbomlo.no
Søknad og CV sender du til:
post@vvsbomlo.no eller eposten under stillingsannonsa.
VVS Bømlo AS
Hollundsdalen 7
5430 Bremnes
Telefon 53 42 84 80











