Anlegg

Med flinke fagfolk bak spakane, moderne maskiner og tett, godt samarbeid med kunden er alt lagt til rette for eit vellukka resultat.

Me utfører alt frå mindre oppdrag til store, tunge anleggsarbeid for våre kundar; grunnarbeid, som til dømes grøfter, masseforflytting, sprengingsarbeid, planering, i tillegg til forskaling og betongarbeid.

Når me har hand om både grøftegraving, røyrlegging og betongarbeid oppnår me ei effektiv og rasjonell drift til fordel for våre kundar.

EFFEKTIVT GRUNNARBEID

Anleggsavdelinga vår leverer grunnarbeid, som t.d. grøfter, masseforflytning, sprengningsarbeid, planering forskaling og betongarbeid.

FORSKALING OG BETONGARBEID

Me i VVS Bømlo Anlegg tar på oss alle typar betongoppdrag – frå små ringmurar til betongkaiar og større betongarbeid.

MINIRENSEANLEGG

VVS Bømlo er forhandlar av KLARO Minireinseanlegg. Dei er konstruerte for effektiv reinsing av avløpsvatn frå hus og hytter.

Reinseanlegga er enkle i si tekniske oppbygging og blir installerte med «plug and play» kablar og kontaktar. Det er lett å tilpassa løysingar til individuelle behov, sidan våre minireinseanlegg blir leverte i tankar av glasfiber, plast eller betong. Dei blir leverte av anerkjente produsentar, gjennomgår grundig testing og held høg kvalitet for å sikre driftsikkerheit og levetid. 

Les meir her.