Me i VVS Bømlo Anlegg tek på oss alle typar betongoppdrag – frå små ringmurar til betongkaiar og større betongflater. Vårt team har brei kompetanse, sertifiseringar og naudsynt ekspertise, slik at du kan vere trygg på eit solid resultat.
Med tverrfageg kompetanse blir det effektivt grunnarbeid med graving, sprenging, forskaling og støyping. Betongarbeid er no ein del av vårt produktspekter.
Du får alt frå ein leverandør, enkel dialog og god koordinering. Våre erfarne, dyktige folk kan sine fag og lyttar til dine ønskje og kjem gjerne med gode forslag til løysingar.
La oss få sjå på ditt prosjekt! Ta ein telefon til John Morten Sørensen, så kan han sei meir om kva me kan tilby og kva løysingar som kan vera gode for ditt prosjekt.
Dersom du er komen så langt, send oss prosjektbeskrivelse og teikningar så gir med deg tilbod på ei komplett pakke! Me tar gjerne også ei synfaring når det måtte passa.
Me nyttar informasjonskapslar (cookies) for å gi deg ei god oppleving av våre sider. Om du fortset navigeringa på sida, reknar me med du godtek dette.OK, den er grei!