Om oss

VVS Bømlo starta si verksemd i 1994. I nærare 30 år har me hatt gleda av å arbeida for og med kundar i regionen, og lagt vekt på å gi gode, varige løysingar innan våre fagområde.

Verksemda vår har utvikla seg og me har dei seinaste åra fått ei avdeling for anleggsarbeid og ei for industri og marine. Det betyr at me har vakse frå om lag ti tilsette til over tjue.

Du er vår kunde, eller kan bli det. Vårt mål er at det du driv med skal blomstra og utvikla seg, mellom anna fordi du har fått dei beste løysingane. La oss komma i dialog med deg tidleg, gjera ein god jobb på planleggingssida og tilføra vår fagkompetanse heile vegen frå idéarbeidet tek til og fram til alt er på plass i prosjektet.

Me trur på praktisk innovasjon – nytenking ¬ basert på fagleg erfaring og kreativitet. Slik har me kunna bidratt til tekniske løysingar med høg kvalitet og lønsemd for våre kundar.

Gjennom glede og trivsel får me godt samarbeidsklima og overskot til å gjera ein god jobb! Me gler oss til å gå på jobb, er stolte over det me får til og audmjuke i møte med dei utfordringane kundane våre gir oss.

Velkommen til VVS Bømlo!

Grønt skifte

Berekraftig utvikling er dagens mantra i alle bransjar og samfunnsområde, og energiprisane aktualiserer yttelegare.

VVS Bømlo har arbeidd med dette i over tjue år, både for bustadar og næringsbygg. Me har prosjektert og levert energiøkonomiske oppvarmings- og nedkjølingsanlegg som hentar energi frå naturen. Både havet, jorda, grunnvatnet og lufta har mykje energi me kan låne!

Kvar kjem energien frå, forureinar han og går det an å spara energi? – Med dagens energiprisar er det enno meir interessant å sjå kva ein kan spara på nybygging ombygging av energisystema i bygg og anlegg.

Spisskompetansen på desse områda hentar me frå dei beste fagmiljøa i Norge. Samarbeidet med dei som verkeleg kan sine saker har gitt oss gode løysingar og lært oss mykje. Det at me var tidleg ute på dette området og har bygd mange anlegg, har gitt oss verdifull erfaring over lang tid.

Karriere

Me er heile tida på leiting etter våre nye medarbeidarar. Me veks og har behov for stødige, flinke fagfolk som kan vera med å skapa verdi for våre kundar! Dersom du har utdanning og kompetanse innan dei fagfelta me arbeider er du velkommen til å ta kontakt og eventuelt søka om jobb her.