Me har fleire ADK-sertifiserte røyrleggjarar med kompetanse til praktisk utføring av VA-leidningsanlegg, i samsvar med dei krav som lover, forskrifter, normer og standarar stiller til eit moderne leidningsanlegg. Mange leveransar av denne type anlegg har gitt oss erfaring og fagleg kompetanse som me nyttar oss av i planlegging og løysingar.
I vår moderne verkstad produserer me røyrdelar i PE-materiale på bestilling frå entreprenørar og røyrgrossistar. Her produserer me også komplette vasskummar, samlestokkar, fordelingskummar for spillvatn m.m.
Eigenproduksjonen til VA-anlegg gjer oss både effektive og fleksible for våre kundar.
Våre eigne, sertifiserte fagfolk planlegg og produserer skreddarsydde konstruksjonar som gir kundane driftssikre løysingar som fungerer i dei miljøa dei skal stå i, år etter år. Me tar gjerne spesielle og krevjande utfordingar!