Industri og marine

Dette er vår avdeling for mekanisk arbeid der me utfører service og reparasjonar på maskineri frå ulike leverandørar og merker.

Me utfører service og reparasjonar av pumper, dieselmotorar, genset, innanbords- og utanbordmotorar med tilbehør, trykkluftkompressorar, hydraulikk og anna mekanisk ustyr.

PUMPE- & MOTORVERKSTAD

Service og vedlikehald av mekanisk utstyr og smøremiddel.

Me tar inn og utfører service og reparasjonar på pumper frå ulike leverandørar.  Me leverer reservedeler, tetningar og anna som trengs. Dersom det høver betre, utfører me gjerne reparasjonar i kunden sine lokasjonar.

Tilsvarande utfører me også service og vedlikehald av dieselmotorar, generatorsett, innanbords- og utanbordsmotorar med tilbehøyr, trykkluftkompressorar, hydraulikk og anna mekanisk ustyr. Me er leverandør av Perkins, Kubota, Doosan og Teksan motorar og generatorar.

TRYKKLUFT & SMØREMIDDEL

Service og vedlikehald av blåsarar og kompressorar.

Ein del av vårt tilbod er service og vedlikehald av blåsarar og kompressorar, både skruar- og stempelkompressorar. Me forhandlar Ingersoll Rand kompressorar og kjøletørker.

Me er også leverandør av NCH smøremiddel som er godkjent til bruk i næringsmiddelproduksjon.

PRODUKSJON & SVEISING

Me utfører produksjon, sveising, samanstilling og komplett installasjon

I industri- og marineavdelinga har me produksjon og samanstilling av komplette anlegg t.d. for vassproduksjon…

…og leverer konteinarar ferdig innreia med t.d. komplett anlegg for nitrogenproduksjon on-site.

Me utfører også sveising av ulike konstruksjonar i syrefast stål og aluminium.