VVS Bømlo har godt utstyrt verkstad der me har overhaler og reparerer pumper av alle slag, frå avløpspumper til industrielle pumper, elektriske og andre motorar m.m.
Me demonterer, tar om nødvendig pumpene inne på verkstaden og monterer igjen der dei har stått. Me er også forhandlar av nye pumper, så om nokon må skiftast ut går det også greit.
Det er viktig med vedlikehald for at garantiane pumpeleverandøren gir skal kunne innfriast. Garantiar krev dokumentert vedlikehald!
Me kan vurdera og gi råd om kva du treng på servicesida, og er klare til å gjera ein god jobb!
Regelmessig vedlikehald forhindrar uventa driftsstopp, reduserer risikoen for alvorlege mekaniske feil og sør-gjer for at pumpene opererer med maksimal effektivitet. Dette sparer både tid og pengar på lang sikt, sam-stundes som det minimerer energiforbruket.
Me tar inn og utfører service og reparasjonar på pumper frå ulike leverandørar og leverer reservedeler, tetningar og anna som trengs. Dersom det høver betre, utfører me gjerne reparasjonar i kunden sine lokasjonar eller ombord i fartøyet.
Me nyttar informasjonskapslar (cookies) for å gi deg ei god oppleving av våre sider. Om du fortset navigeringa på sida, reknar me med du godtek dette.OK, den er grei!