I industri- og marineavdelinga har me produksjon og samanstilling av komplette anlegg av ulike slag, her eit anlegg for reinsing av vatn, bygd opp i verkstaden og transportert ut og montert hos kunde.
Me bygger også komplette produksjonsanlegg med alt det som trengs, t.d. som her, eit anlegg for produksjon av nitrogen, bygd inn i ein kontainer for produksjon «on-site».
Også komplette, avanserte vassreinseanlegg blir sett saman i verkstaden, med stor grad av eigenproduksjon, t.d. sveising av PE-plast. Dei inneheld m.a. pumper, ventilar og elektroniske styringssystem.
Me utfører sertifisert sveising i rustfritt og syrefast stål. Dette er materialar som ofte blir nytta i vassproduksjon og liknande.
For havbruksnæring finn me løysingar, konstruerer og bygger me automatikk i samband med nøyaktig dosering av ulike væsker i deira produksjon.
Me nyttar informasjonskapslar (cookies) for å gi deg ei god oppleving av våre sider. Om du fortset navigeringa på sida, reknar me med du godtek dette.OK, den er grei!