Motorverkstad

Motorverkstaden har mange, ulike oppdrag. Me har service på, reparerer og overhaler mekanisk utstyr, motorar og anna. Våre fagfolk kan gjera jobben på verkstaden i Hollundsdalen eller komma ut til kunden sine lokasjonar/ombord i fartøyet.

Med regelmessig service og godt vedlikehald unngår du driftsstand og aukar levetida for materiellet ditt. Me kan vurdera og gi råd om kva du treng på servicesida, og står klare til å gjera ein god jobb!

Me utfører service og vedlikehald av dieselmotorar, generatorsett, innanbords- og utanbordsmotorar med tilbehøyr, trykkluftkompressorar, hydraulikk og anna mekanisk ustyr.

Me er leverandør av Perkins, Kubota, Doosan og Teksan motorar og generatorar.

Ta berre kontakt, så finn me tid og stad for utføring av oppdraget. Me står på for at du skal få eit best mogleg resultat og ha godt fungerande utstyr.

Vil du vite meir?

Kontakt Marius, så forklarer han meir!

Marius Sørensen

Mekanikar

480 55 438