
Trykkluftsystem
Med breitt utval av kompressorar, tørkarar, filtersystem og flaskefyllingsanlegg, kombinert med service og vedlikehald, sikrar me driftssikre og kostnadseffektive løysingar tilpassa dine behov.
Løysingar
Me prosjekterer og leverer komplette trykkluftsystemer til industri, med løysingar for både høgtrykk og lågtrykk. I tillegg tilbyr me flaskefyllingsanlegg til bruk for dykkarar og røykdykkarar. Systema blir dimensjonerte etter behov og kan tilpassast både kontinuerleg drift og spesialiserte arbeidsoppgåver.
Utstyr og komponentar
- Stempel- og skruekompressorar for høgtrykk og lågtrykk
- Kjøletørkarar for stabil luftkvalitet og redusert kondens
- Blåsarar tilpassa ulike prosesskrav
- Filtersystem og vannutskiljarar for rein og driftssikker trykkluft

Service og vedlikehald
For å sikre lang levetid og stabil drift tilbyr me planmessig service, vedlikehald og inspeksjon av trykkluftsystem. Me leverer originale reservedelar og kan tilpasse serviceavtalar etter driftsmønster og behov. Dette bidreg til å redusere uforutsett driftsstans og halde anlegga i optimal stand over tid.
Dieseldrivne strømgeneratorar

Me leverer også dieseldrivne strømgeneratorar til industri, bygg- og anleggsverksemd samt andre område der stabil straumforsyning er kritisk. Generatorane kan dimensjonerast etter effektbehov og driftstilhøve, og blir leverte med fokus på påliteleg drift og låg driftskostnad.
Service og vedlikehald
For å sikre optimal ytelse og lang levetid tilbyr me planmessig service og vedlikehald av strømgeneratorar. Dette omfattar inspeksjon, kontroll av driftskomponentar, levering av originale reservedelar og utføring av nødvendige reparasjonar. Me kan òg tilpasse serviceavtalar til kundens driftsmønster og krav til oppetid.