Kvardagsinnovasjon

er nytenking i små steg som løyser utfordringane!

Me finn kvalitetsløysingar

i god dialog med kundane våre
DEI BESTE BESTE LØYSNINGANE finn me gjerne i eit godt, tverrfagleg samarbeid. Me ynskjer å bidra med vår fagkompetanse så tidleg som mogleg og på den måten auka verdien av løysinganme. Send oss ei melding eller ring, så avtaler me eit møte!

5 + 5 =

Løys reknestykket for å vise at du er eit menneske ­­og ikkje ein robot.

DU ER VÅR KUNDE og vårt mål er at det du driv med skal blomstra og utvikla seg, mellom anna fordi du har fått dei beste løysingane innan våre fagområde. La oss komma i dialog med deg tidleg, gjera ein god jobb på planleggingssida og tilføra vår fagkompetanse heile vegen frå idéarbeidet tek til og fram til alt er på plass i prosjektet.

KOMBINASJONEN AV våre unge, flinke fagfolk og erfarne leiarar borgar for høg kompetanse og god gjennomføringsevne.

GJENNOM GLEDE OG TRIVSEL får me godt samarbeidsklima og overskot til å gjera ein god jobb! Me gler oss til å gå på jobb, er stolte over det me får til og audmjuke i møte med dei utfordringane kundane våre gir oss.

HAVBRUK

HAVBRUK er i rivande utvikling og me er med på å gi aktørane i bransjen gode idear og gjennom­tenkte løysingar. Bømlo er ein pioner-kommune innan­for havbruk og fiskeoppdrett. Våre kundar spenner frå innovative, små bedrifter til det største oppdrettsselskapet i verda. Vår fremste oppgåve er å vere med og utvikle og levere løysingar som gir høg oppetid på produksjon, og god utvikling og helse for fisken.

ME BLIR LETT ENGASJERTE og trivst når me får konkrete utfordringar og finn løysingar som bidrar til gode resultat for våre kundar. Dette har gjort at me stadig er med på det me kallar praktisk kvardagsinnovasjon. Små og store forbetringar som me utviklar saman med kundane. Der vår røyrtekniske kompetanse møter kunden sine ynskje og krav. Slikt blir det gode løysingar av!

ME TRUR PÅ praktisk innovasjon – nytenking ­basert på fagleg erfaring og kreativitet. Slik bidreg me til tekniske løysingar med høg kvalitet og lønsemd for kundane våre.

INDUSTRI & OFFENTLEGE BYGG

NY TEKNOLOGI og strengare krav utfordrar oss heile tida. Det likar me! Våre flinke fagfolk bidrar stadig med sin praktiske fag­kompetanse, også under plan­legging og utvikling av dei gode løysingane.

DET ER SPENNANDE å utvikla gode vvs-løysingar i nærings­bygg og offentlege bygg. Og så følgja opp med godt vvs-handverk og til slutt få overlevera noko me er stolte av til kunden. Gjennom fleire tiår har dette vore eit av dei største verksemds­­områda våre og det trur me vil fortsetja framover. Gode relasjonar til leveran­dørar, samarbeids­partnarar og kundar gir resultat. Produkta blir stadig fornya, løysingane smartare og resultata betre.

BÅDE OFFENTLEGE OG PRIVATE eigedoms­­aktørar har fokus på energi­effektive nærings­bygg. VVS Bømlo har levert mange framtids­retta energianlegg til større bygg. Gjennom tett sam­arbeid med total­entreprenørar og bygge­firma bidreg me til grøne energi­løysingar til skular, insti­tusjonar, kultur- og industribygg.

MARITIME MILJØ

SKIP OG FISKEFARTØY er eit av våre satsingsområde og VVS BØMLO har gjennom over tjue år laga løysingar for denne marknaden. Vårt team planlegg, prefabrikerer og monterer både enkle og avanserte installa­sjonar ombord. Det gjeld t.d. RSV-anlegg, system for kjøling, pumper, røyr og ventilar. – Og sjølvsagt arbeider me med røyrlegging i bad, bysser og våtrom om bord.

SOLIDE RØYRSYSTEM som toler dei røffe eksponeringane for salt sjø og har lang levetid blir prefabrikert i vår verkstad. Det gir minimalt med avbrekk i arbeidet når me kan ta mål, produsera og montera med full kontroll sjølv. På den måten sparer me også kundane for unødige kostnader ved å utnytta dødperiodar for skipet.

GRØNN ENERGI

BÆREKRAFTIG UTVIKLING er det moderne mantra i alle bransjar og samfunnsområde. Eit sentralt område der dette har slått inn for fullt er energi; kvar kjem han frå, forureinar han og går det an å spara energi? I VVS Bømlo har me arbeid med dette i over tjue år, både for bustadar og næringsbygg. Me prosjekterer og leverer energi­økonomiske varme- og kjøleanlegg som hentar energi frå naturen. Både havet, jorda, grunnvatnet og lufta har mykje energi me kan låne!

I SAMARBEID MED DEI BESTE fagmiljøa i Norge tilfører me spisskompetanse til prosjekta. Det at me var tidleg ute på dette området og har bygd mange anlegg, har gitt oss verdifull erfaring over lang tid.

VA-ANLEGG

ME HAR BYGD OPP ein eigenproduksjon til VA-anlegg som gjer oss både effektive og fleksible for våre kundar.

I VÅR MODERNE VERKSTAD produserer me røyrdeler i PE-materiale på bestilling frå entrepenørar og røyrgrossistar. Her produserer me og komplette vannkummar, samlestokkar, fordelingskummar for spillvann m.m.

VÅRE EIGNE, SERTIFISERTE FAGFOLK
planlegg og produserer skreddarsydde konstruksjonar som gir kundane driftssikre løysingar som fungerer i dei miljøa dei skal stå i, år etter år. Me tar gjerne spesielle og krevjande utfordingar!

DEI BESTE LØYSNINGANE finn me gjerne i eit godt, tverrfagleg samarbeid. Me ynskjer å bidra med vår fagkompetanse så tidleg som mogleg og på den måten auka verdien av løysingane. Send oss ei melding eller ring, så avtaler me eit møte!

13 + 8 =

Løys reknestykket for å vise at du er eit menneske ­­og ikkje ein robot.

KONTAKT­­INFORMASJON

Tlf: 53 42 84 80
post@vvsbomlo.no
­

Hollunds­­dalen 7 ­
5430 Bremnes | Bømlo

OPNINGSTID

Måndag:­
Tysdag:­
Onsdag:­
Torsdag:­
Fredag:­
Laurdag:­
Sundag:
07.00-15.30­
07.00-15.30­
07.00-15.30­
07.00-15.30­
07.00-15.30­
Stengt­
Stengt

Butikken vår

Me har butikk og lokaler i Hollundsdalen, velkommen innom!

KONTAKT­­INFORMASJON

Tlf: 53 42 84 80 ­post@vvsbomlo.no­

Hollunds­­dalen 7
5430 Bremnes

OPNINGSTID

Måndag:­
Tysdag:­
Onsdag:­
Torsdag:­
Fredag:­
07.00-15.30­
07.00-15.30­
07.00-15.30­
07.00-15.30­
07.00-15.30­

Butikken vår

Me har butikk og lokaler i Hollundsdalen, velkommen innom!